Fokus skifter fra fersk til frossen fisk

Lisa Leinebø Pinheiro, salgssjef i PHL Seagold. Foto: meirenntusenord.com

I Fiskeribladets fiskeridebatt er det et interessant innlegg fra Lisa Leinebø Pinheiro, som er salgssjef i Leinebris og PHL Seagold.  Hun peker på at frossenfisk og taredyrking kan redusere CO-2 utslipp, og stiller spørsmålet om ikke fokus fra fersk fisk før skiftes til frossen fisk når frossen fisken blir pekt på som redningen for å stoppe store klimaavtrykk fra sjømatnæringa.

I søken etter mer klimavennlig mat og i lyset at kvalitet og holdbarhet, slik at matsvinnet går ned; – er det mer frossenfisk vi forbrukere bør etterspørre i butikken. Står vi overfor det store fiskeskiftet?

KOMMENTAR skrevet av

Det blir ofte prata om det store klimaskiftet. Eg vil slå eit slag for det store fiskeskiftet, med skifte av fokus frå fersk fisk til frosen fisk, i eit forsøk på å ta eit ansvar for miljøet og kvaliteten i sjømatnæringa.

Klimagevinst med fryst fisk

Nye tal viser at flytransporten av fisk ikkje er klimamessig forsvarleg. Det blir omtalt som totalt urealistisk og uforsvarleg å skulle fly ut så store mengder med fisk frå Norge som det etter skal planen skal framover. Båttransport til Austen produserer berre ein fjerdedel av mengda CO2 mot det flytransport gjer. På Klimamarin-konferansen førre veke var Sintef-forskar Tom Ståle Nordtvedt tydeleg på at det er ein stor klimagevinst å eksportere frosen fisk framfor fersk fisk. Han slår fast at frosen fisk sparer klimaet og reduserer CO2-utslepp.

Samtidig som miljødebatten rundt transport av fersk laks går føre seg for fullt, jobbast det paradoksalt nok med å auke landing og produksjon av fersk fisk i kvitfisknæringa. Det kan verke som om vi vel å sjå bort frå dei store klimaavtrykka som kjem frå ei næring som i utgangspunktet skal vere berekraftig. Gjer kjærleiken for den norske ferske fisken oss blind?

Fersk versus fryst

Heile året rundt har vi den havgåande fiskeflåten som leverer sjøfryst fisk av ypparste kvalitet. Stabile leveransar, til kundar verda over, frakta på båt eller bil. Likevel verkar det som om pengeboka stadig blir opna for nye prosjekt som skal fremme den ferske fisken, på kostnad av den sjøfryste. Ferkfiskordninga. Levandelagring. Torskeklynger. Vi har Skreien. No skal det i tillegg satsast på ei felles merkevare for levandelagra torsk.

Det er vel og bra at fokuset på fersk fisk sikrar arbeidsplassar, men det meldast også om overfiske og dårleg kvalitet. Ute i verda framsnakkar vi som fiskeeksportørar den gode norske historia. Om vår villfanga fisk av beste kvalitet. Då er det eit slag i trynet når ein i fiskedisken saman med kundar gong på gong finn fersk fisk som ser alt anna enn etande ut.

I ein blindtest blant ein av våre kundar kom faktisk den linefanga og sjøfryste fisken betre ut enn fersk fisk fleire år på rad

Ferskare enn fersk

Om bord i linebåten vår «Leinebris» er fisken gjennomfryst berre kort tid etter at den kjem sprell levande over rekka. Dermed avgrensar ein fiskens kvalitetstap før den når ut til produsent eller forbrukar, som kan tine opp ein fisk som ofte opplevast ferskare enn fersk. I ein blindtest blant ein av våre kundar kom faktisk den linefanga og sjøfryste fisken betre ut enn fersk fisk fleire år på rad.

Nettopp dette kvalitetsaspektet grip Sintef-forskar Tom Ståle Nordtvedt tak i når han utfordrar meiningane om at fersk fisk er best. Kvalitetsmessig er frosen fisk vurdert som like bra som fersk, etter nokon dagar. Ein fisk som kjølast ned er langt frå så haldbar som ein fryst fisk. Og spørsmålet om kva som er ferskast og av best kvalitet er avhengig av tida som går frå fangst til konsum, temperatur og behandling av fisken.

Det store fiskeskiftet

Ringverknadane som klimaendringane vil få for oss som lever ved og av havet er framleis uvisse. Men noko veit vi allereie. Som at frosen fisken er av ypparste kvalitet og gir miljøgevinst. Vi kan prate så mykje vi vil om miljøvennlege og berekraftige fiskemetodar. Men det er til lita nytte når vi sviktar totalt på transportbiten ut til marknadane. Også sjømatnæringa må ta sin del av ansvaret. Og vi kan starte med å skifte fokus frå fersk til frosen, og saman ta det store fiskeskiftet!

Kilde: Fiskeribladet